Høyringsrunda for første delrapport frå sosial- og helsedirektoratet sitt arbeidsutval for turnus er no over. Arbeidsutvalet tek til orde for å prioritere kandidatar med studieplass frå Samordna opptak ved tildeling av turnusplass, men dette møter motbør. Samstundes går det mot forsøk med minst ein alternativ turnusmodell. Somme tek og til orde for å avvikle heile turnusfordelinga.
For tida er det to dokument som står sentralt i turnussaka. Det første er ein rapport om turnustenesta, som er skriven av ei arbeidsgruppe på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet (SHD). Denne rapporten vart send ut på høyring i vår. Svara frå høyringsrunda utgjer dokument nummer to. Dette dokumentet er eit samandrag av desse svara. Samandraget er forfatta av SHD, og vert no handsama i Helsedepartementet.
Prioritering
I rapporten vert underskotet på turnuskapasitet for første gang nemnt i eit offentleg dokument. ”Mangelen på turnusplasser er stor”, står det å lese på side 18. Utvalet går difor inn for å prioritere studentar med studieplass frå dei norske universiteta, inkludert dei som studerer i utlandet på plassar kjøpt opp av NTNU.
Eit mogleg hinder for ei slik prioritering er EØS-reglane, som seier at alle arbeidstakarar skal stille likt. Gruppa meiner likevel at denne regelen kan omgåast ved å sjå på turnuskandidatar som ”personer under nødvendig utdanning/opplæring i et land der turnustjenesten er et vilkår for å få autorisasjon som lege.” Vidare meiner arbeidsgruppa at kandidatar med studieplass frå Samordna Opptak (SO) bør ha ”ei rimeleg forventning” om å bli prioritert først, utifrå praksis sidan 50-talet. Følgjeleg vert det gjort framlegg om å prioritere desse. Gruppa understrekjer at dette bør berre gjelde ved mangel på turnusplassar.
Taparane vert då norske studentar på gebyrstipend i EØS-området. Dersom utvalet si tilråding vert vedtatt, vil dei måtte kjempe med resten av verda om det som er att når heime-studentane har forsynt seg.
Sinte utanlandsstudentar
Ønsket om prioritering får lite støtte i høyringa. I samandraget av høyringssvara vert det lagt vekt på utanlandsstudentane. Det er norske studentar i Irland og Polen, i tillegg til ANSA, som har uttalt seg på vegner av dei.
- ”Utsagnet fra arbeidsgruppen om prioritering av turnusplasser har vakt stor motstand av flere utenlandske medisinstudenter, som har hatt den oppfatning at staten har støttet deres utdannelse fordi Norge ikke har hatt tilstrekkelige mange studieplasser hjemme til å dekke behovet for leger i fremtiden. En nedprioritering av deres gruppe i turnussammenheng kan imidlertid lett føre til at flere av dem forblir i utlandet,” står det å lese i høyringssamandraget. Vidare står det at ”Medisinstudentene i Irland og Polen er skuffet over forslaget til løsning på turnusproblematikken. Den foreslåtte løsningen er etter deres syn diskriminerende og usaklig argumentert. De mener at utredningen legger opp til en forskjellsbehandling av utenlandsstudentene. De understreker også at det virker urettferdig at man skal ’forandre reglene midt i spillet’.”
Skepsis mot prioritering
Fleire andre uttalar seg også skeptisk til prioritering, mellom andre Statens Helsetilsyn, Fylkesmannen i Vestfold, Helse Nord og Folkeuniversitetet i Arendal (!). Dei som ønskjer å prioritere, er Norsk Studentunion og Fylkesmennene i Finnmark og Hordaland. I tillegg indikerer fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Malvik kommune ei viss støtte.
Interessant nok ønskjer Legeforeningen ikkje å uttale seg i dette spørsmålet.
- ”Prioritering av turnusplasser er et myndighetsansvar de (Legeforeningen, red. anm.) ikke ønsker å ta stilling til”, heiter det i høyringssamandraget.
Samstundes står det å lese i turnusrapporten at vedtaket i arbeidsgruppa om å tilrå prioritering av kandidatar med studieplass frå SO vart gjort einstemmig (side 18). I denne arbeidsgruppa hadde Legeforeningen fire representantar, som då altså stemde for prioritering.
Fem modellar
Rapporten inneheld andre viktige ting utover prioritering. Omtale og vurderingar av psykiatri i turnus tek stor plass. Mellom anna opnar ein for turnusteneste i psykiatri ved såkalla distriktspsykiatriske senter (DPS). ramlegg til ein revisjon av innhaldet i turnustenesta vert også gjort. Turnusutvalet lanserer fem ulike modellar for sjukehustenesta. Gruppa går samrøystes inn for å halde fram det dei kallar modell E, som i hovudsak er eksisterande turnusordning. Samstundes ønskjer dei å gjennomføre forsøk med modellane A og B.
”Det tas for gitt at seks måneders turnustjeneste i kommunehelsetjenesten inngår tilslutt i alle modellene,” seier gruppa. Ingen har heller kommentert dette i høyringsrunda, i følgje samandraget. Dermed er kommuneturnusen tilsynelatande freda i denne omgang.
Psykiatri i ulik dose
Modellane A, B og C er ulike variasjonar over eit tredelingstema, der psykiatri er inkludert. Modell A har seks månader indremedisin, tre månader kirurgi og tre månader psykiatri. I høyringsrunda fekk denne modellen mykje støtte. Ein kan difor rekne med at modell A vil verte forsøkt i ei ikkje alt for fjern framtid.
Modell B gjev kandidatane åtte månader enten på kirurgi eller på indremedisin. I tillegg får dei fire månader innanfor ei av faggruppene psykiatri, pediatri, anestesiologi, nevrologi eller gynekologi/obstetrikk/kvinnesjukdommar. I forsøka foreslår arbeidsgruppa å nytte firemånaders – perioden til psykiatri.
Fleire av dei som har svart på turnusrapporten er skeptiske til modell B. Ein ser på det som lite ønskeleg at kandidatane går ut i distriktsturnus utan erfaring i enten kirurgi eller indremedisin. Særleg går Legeforeningen hardt ut mot turnus utan indremedisin.
Modell C har utvida den totale lengda på turnus utvida med seks månader psykiatri. I tillegg kjem seks månader med kirurgi og seks månader indremedisin. Denne modellen vert ikkje tilrådd av arbeidsgruppa. Ein peikar mellom anna på at dette vil medføre enda større mangel på turnusplassar, lengre utdanningsløp for legar, og store utgifter for samfunnet.
I høyringsrunda får heller ikkje modell C monaleg støtte. Berre fylkesmannen i Vestfold går inn for å forlenge turnustenesta. Frå kommunane er det stor skepsis til ei ordning der dei får nye turnuslegar to gangar i året i staden for ein.
Støtte til avvikling.
Modell D er den mest radikale. Her lanserer arbeidsutvalet ei løysing der systemet med offentleg tildeling av turnusplassar vert fullstendig avvikla. Her vert det heilt opp til den enkelte kandidat å søkje på stillingar som gjev naudsynt kompetanse. Dermed vert det kvar enkelt sisteårsstudent som må ordne med stilling tilsvarande turnusplass for seg sjølv. Bakgrunnen for denne tilnærminga er ei omfattande liberalisering av EU-reglane, og at fleire land utan spesielle krav til praksis har vorte medlemmar i unionen. Denne modellen får overraskande brei støtte. Store institusjonar tek til orde for å sleppe heile stillingsmarknaden for nyutdanna medisinarar fri.
Statens Helsetilsyn meiner modell D betre er tilpassa strukturendringane i spesialisthelsetenesta og reviderte EU-krav. Helse Aust ser på modell D som ei framtidig ordning for turnus. Fylkesmannen i Hordaland går primært inn for modell D, i staden for dei fire andre modellane der ein held fram statleg fordeling. Oslo kommune støtter også modell D. NTNU ønskjer å få modell D vidare utgreidd. Fylkesmannen i Vestfold, som er den einaste som primært går inn for modell C, meiner at modell D kan vere eit bra alternativ.
Den einaste instansen som set foten ned for modell D er Universitet i Oslo. Dei skriv med at ordninga med halvanna års offentleg fordelt turnus bør halde fram av faglege omsyn.
Sjuke mødre
Mange av svara i høyringsrunda har innslag av bøner for eigne sjuke mødre. Helse Nord tek til orde for at turnuslegar skal tildelast helseføretak, og ikkje sjukehus som i dag. Dette fordi dei ønskjer at helseføretaka skal kunne flytte kandidatane mellom sine ulike sjukehus for å drive opplæring.
- ”Helseforetakene bør ha fleksibilitet til å benytte flere institusjoner som opplæringssted for en og samme turnuslege”, meiner Helse Nord. Føretaket driv i dag elleve sjukehus frå Mo i Rana i sør til Kirkenes i nord.
NTNU meiner at det ikkje er naudsynt med obligatorisk psykiatri, dersom ein får eit ”heilskapsperspektiv” i lækjarutdanninga. Statens helsetilsyn, på si side, tvilar sterkt på at det praktisk gjennomførbart med psykiatri under gjeldande rammevilkår.
Universitetet i Bergen og studentorganisasjonane der har ikkje svart på rapporten i det heile. Det same gjeld instansar som Helse Vest, Helse Sør, Universitetet i Tromsø og ei rekkje fylkesmenn.
Ein joker i høyringsrunda er SHD, som er ein stor og tung aktør i helsespørsmål. Direktoratet var sterkt representert i arbeidsgruppa som laga turnusrapporten, med fire medlemmer. Dei har i tillegg levert svar i høyringsrunda. Incisura har ikkje lukkast med å få tak i dette.
Departementet interessert
Rapporten er altså for tida til handsaming i helsedepartementet. Seniorrådgjevar Elisabeth Vaagen seier at departementet vil ha gjort seg opp ei meining om innhaldet i løpet av hausten.
- Vi leser interessert det som har kome ut av den relativt breie høyringsrunda. Inntrykket vårt er at det stort sett er semje om framlegga. Mellom anna noterer vi oss at dei fleste stiller seg positive til psykiatri i turnus, seier ho.
Eit spørsmål der det ikkje er semje er prioritering. Vaagen dreg fram at Legeforeningen her har valt å ikkje ta standpunkt. Samstundes har altså foreininga sine fire medlemmer i arbeidsutvalet stemt for prioritering.
- Dette registrerer vi også med ei viss interesse, seier ho.
Kva helsedepartementet til slutt kjem fram til når det gjeld prioritering og turnus er for tidlig å seie noko om.
- Departementet arbeidar med saka. Dersom ingenting overraskande skjer, skal dette arbeidet vere avslutta i løpet av hausten. Då vil vi ta stilling til alle punkta i rapporten, inkludert prioritering, avsluttar Vaagen.
Alt dette er berre første del av det offentlege utgreiingsarbeidet kring turnus. Arbeidsutvalet skal produsere ein del to av rapporten, men denne er framleis heilt i det blå. Nokon startdato for arbeidet er enno ikkje fastsett, opplyser sosial- og helsedirektoratet.
I denne delrapporten vil arbeidsutvalet mellom anna diskutere kvalitetsvurdering av turnus, og ikkje minst sjå på forholdet mellom tilbod og etterspørsel etter turnusplassar på lengre sikt.
Turnusrapporten kan du lese på: http://www.shdir.no/index.db2?id=10863
Incisura arbeider med å få publisert samandraget av høyringsnotata.